Oppgåveliste

Her følgjer ei liste for ulike oppgåver i samband med arrangement Hallingdalsmesterskap individuelt.

Før arrangementet

  1. Send ut innbyding til dei øvrige klubbane ca 14 dagar før arrangementet. Sjå til at innbydinga blir lagt ut på heimesida til Ål orientering.
    Innbydinga bør innehalde informasjon om område, kart, bompengar og kor det er merka frå. Sjå her for eit døme.
  2. Planleggje samlingsplass ut frå terreng, samt mogelegheiter for gode løyper og parkering
  3. Avklar med grunneigar om bruk av areal til samlingsplass/parkering
    Er det langt og gå frå parkering til samlingsplass, bør det stå på innbydinga.
  4. Når to eller fleire er ansvarlege, bør ein person leggje ut postane, medan den andre sjekkar dei for rett plassering, postkode og brikkekode. Dette bør gjerast før løypene blir endeleg teikna.
  5. Karta skal pakkast i plastlommer. Hugs at 50+ skal ha storleik 1*7500 på kart.
  6. Kjøpe inn premiar. Det er mogeleg å bruke gåvekort i dei klassane der det er ein tredjedels premiering.
    Bruk resultata/antal deltakarar frå nær o-løpa som mal for innkjøp av premiar.
  7. Hugs å lade opp tidtakarutstyret, og sjekk at det verkar. Det kan vere lurt å ta med båe MTR-lesarar i fall ein ikkje fungerar.
    Test med løparbrikke på startbukk,m posteininger og målbukk.


På løpsdagen - før arrangementet

  1. Merking av vegen fram til samlingsplass/ parkering.
  2. Ordne med resultattavler/lister.
  3. Løpsdrikke ++++
  4. Start og tidtakarlister pr klasse/ løyper. Viktig å lage til slik at listene kan hengjast opp.

Her er eit døme på ei slik liste

På løpsdagen - etter arrangementet

  1. Etter løpet: rydd opp på samlingsplass. lngen søppel etc. skal liggje att.
  2. Ta ned postane, og ver nøye med at alle blir tekne ned.
  3. Skriv resultatliste, og send ho til ansvarleg for heimesida.