Opplysningar til arrangørar/løypeleggjarar

Generelt

  1. Den som er sett opp først av løypeleggjarane/arrangørane, er hovudansvarleg for løpet.
  2. Annonse om løpet blir sett inn i Hallingdølen av styret tysdag før løpet (samleannonse for heile Hallingdal). Løp i Hallingtreffen må annonserast særskilt. Annonser og endringar i høve til terminlista, må Hallingdølen ha innan kl. 08.00 - måndagen før!
    Epost Hallingdølen: .
  3. Hent utstyr som skal anvendast på løpet. Sjekk med forrige arrangør vis utstyret ikkje er å finne på vanleg plass. Ved eventuelle manglar, kontakt materialforvaltar Frode Halvorsgard, tlf.400 56 356.
  4. Ved vanlege treningsløp skal det vere løyper på ca 2,5 lett (C-løype), 3,5 og 5 km.I tillegg skal det vere ei nybyrjarløype på omlag 1-2 km.

    HUGS: Nybyrjarløypa kan ALDRI bli for lett! Bruk leiande liner som vegar, stigar bekkar osv. Ikkje gøym postane! Bruk gjerne merkeband dersom eit strekk vert for vanskeleg.
  5. Arrangør ordnar med saft, frukt og et twist på treningsløpa. O-gruppa får dekka 60% av utgifter i samband med innkjøp av frukt via BAMA-avtalen. Sjekk følgjande side for detaljar:
    http://www.eatmovesleep.no/idrettsfrukt/
  6. Det blir frivillig om personer vil betale for kart eller ei. Sett fram eit krus for dei som ønsker å bidra.
  7. Skriv opp kven som låner kompass og løparbrikker av o-gruppa, og kontrollèr at alle leverer utstyret attende etter bruk.
  8. EKT-utstyret (lesar og skrivar) ligg i eigen koffert. Sjekk over at alt er der, og alt blir lagt på plass når du er ferdig med det. Hugs å setje skrivaren på lading dagen før løpet. Brukarinstruks for utstyret ligg i kofferten. Start og måleiningane må ikkje liggje ved sida av kvarandre (er tilstrekkeleg å leggje dei motsatt veg) da det tappar dei for batteri. Det same gjeld posteiningar og løparbrikkene.
  9. Alt utstyret som er brukt, skal så snart som råd er leggjast tilbake på lagerrommet på Bråta slik at alt er i orden til neste løypeleggjar.
  10. Ønsker du hjelp med å teikne kart i OCAD kontakt Erling Hagen, Vidar Sire eller Knut Ivar Vestli
  11. Kart over Veståsen 2, Svartetjern og Syningen (til nytt er trykt opp) må fotokopierast for kvart løp
  12. Det er eit krav om kart i storleik 1:7500 for 50+ på Hallingtreffen, men vi oppmodar til 1:7500 for kvart løp
  13. Gi beskjed til Knut Ivar eller Vidar om samlingsplass minst ei veke før løpet som vil leggje ut kart på heimesida.
  14. Det er fint om de kan ta bilete og skrive nokre ord om løpet, og sende ein kort notis i lag med resultatlista til Knut Ivar eller Vidar

Resultata blir lagt ut på heimesida til o-gruppa: http://aal-il-orientering.idrettenonline.no


Er noko uklart? Ring leiar Knut Ivar Tlf: 93428722