Tungt, men moro på siste vårløp

Postet av Ål IL - Orientering den 10. Jul 2015

Det siste løpet før ein kort sommarferie tok stad på Vermelie på Torpoåsen. Ekteparet Rokne hadde laga 4 flotte løyper med mange endringar av retning undervegs. Myrene var blytunge denne dagen, men det skal ikkje løypeleggjarane lastast for.

Resultat frå løypeleggjar hadda hamna i spamfilteret, og derfor blei resultata lagt ut så seint. Men her finn de resultat. Under finn de eit par bilete frå løpet.

Det har vore ein veldig hyggeleg auke i antal deltakarar i vårsesongen, med snittal pr treningsløp på over 30. Vi håper at denne trenden held fram. Det er nå lagt ut løyper i Leveld som blir liggjande gjennom sommaren (sjå eigen omtale), og løyper på Syningen blir lagt ut i neste veke. Det er mogleg å vinne ein flott premie (verdi 850 kr) som trekkjast på avslutningsfesten.

Vi takker for oppmøtet så langt, og håper at de blir med utover hausten. Det er Ål som arrangerer Hallingdalsmeisterskapet i stafett på Fuglehovda sundag 13.september. Klubbmeisterskapet haldast på Syningen torsdag 24.sept. Men vi tek berre ei veke ferie, og er tilbake 23.juli på Fuglehovda. God ferie til alle!



Mari Torsteinsrud hadde ingen problem med å finne fram til mål, men måtte sjå seg slått av mamma og pappa



Gjesteløpar frå Hemsedal, Ole Hulbak, var heilt suveren på Syningen. Han var godt nøgd med løpet.



Ragnar og Turid (som gøymde seg for fotografen) Rokne laga fine løyper



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc