Stor rekruttering i Leveld

Postet av Ål IL den 25. Jun 2015

Det var 41 deltakarar på treningsløpet i Leveld i kveld, og heile 26 av desse gjekk nybyrjarløypa. Dette var svært bra, også sett i samanheng med at mange skiskyttarar har samling på Beitostølen denne veka.

Det blei ein stor diskusjon kring post 2 på langløypa, som fleire mente var feilplassert. Det viser seg at posten låg korrekt, men løypeleggjar tek sjølvkritikk for å ha lagt posten ved målepunktet som var merka feil på kartet. Det skal ikkje gjenta seg. I tillegg var det ei posteining med feilnummerering, men det var få som lot seg affisere av dette.

Resultat finn dykk her

Neste løp går av stabelen på Syningen 2.juli.

Under følgjer bilete frå kvelden



Nye og gamle o-løparar klare for start


Søskena Roen er godt nøgd med eigen innsats, men kor blir det av goffa Steingrim?



Litt saft høyrer med


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.